I rapporten Hydrogen assisted cracking of jack-up installations frå 2023 vart det retta merksemd mot årsaker, mekanismar og omfang av hydrogeninduserte sprekkar på oppjekkbare innretningar der det er nytta høgfast stål i leggar, og i overgangen mellom leggar og «spudcans».
Force Technology sin siste rapport om katodisk vern er delt i to delar:
- «Cathodic Protection of Jack-up Rigs» gir ei evaluering av kva som er eit gunstig potensial for katodisk vern for innretningar med høgfast stål, samt design og materialval av sjølve vernesystemet (anodar). Det er teke særleg omsyn til reduksjon av risikoen for HISC (hydrogen induced stress cracking), samstundes som valt potensial skal gi god nok korrosjonsvern for innretninga.
- I del to av rapporten, «Inspection of HACC in Jack-up Rigs», vert det gitt råd om relevante inspeksjonsområde, samt eigna verktøy og metodar for å kunna detektera HACC (hydrogen assisted cold cracking) og HISC-relaterte defektar både i nybygg og innretningar i operasjon.
Force Technology har i den siste rapporten mellom anna identifisert følgjande:
- Kontroll av potensial for katodisk vern med omsyn på å redusera risikoen for HISC kan vera utfordrande, ettersom det krev kontroll og monitorering av anodepotensial i drift.
- Alternative metodar og akseptkriterium for ikkje-destruktiv testing (NDT) bør vurderast for å kunna detektera HACC i fabrikasjonsfasen.
Sjå rapportane for vidare detaljar.