Driftsparametrar for fleksible stigerøyr og overføringsleidningar (jumpers)
Beskrivelse
Driftsparametrar for fleksible stigerøyr og jumpers i prosedyrer og kontrollrom er ikkje i samsvar med det ein nyttar ved vurdering av integriteten for dei ulike røyra.
Begrunnelse
I tilsynsaktiviteten gjekk vi gjennom rapportar for fleksible stigerøyr og overføringsleidningar (jumpers), vi stilte spørsmål under presentasjonar og samtalar og vi gjorde verifikasjonar i dokumentasjon. Stigerøyra på Snorre A er avhengt på ulike måtar og består av røyr med ulik alder og ulike berekna levetider. For jumpers på innretninga er det i all hovudsak eldre jumpers frå Technip (Coflexip) og nyare jumpers frå GE Wellstream. Dei to typane har noko ulik design og driftsparametrar.
Gjennomgangen viser at for fleire stigerøyr og jumpers så er det utfordringar med å operere dei aktuelle røyra innanfor dei operasjonelle grensene (driftsparametrane) som er sett og som er gjeldande i prosedyrer og kontrollrom. I statusrapportar utført av konsulent (4Subsea) har dei vist dette som driftsavvik i forhold til kva dokumentasjonen spesifiserer. I etterkant har ein gjort tilleggsvurderingar og Statoil har konkludert med at det for nokon røyr er noko konservative driftsparametrar medan for andre røyr er driftsforhold ikkje nødvendigvis så krevjande som dei målte driftsparametrane tilseier. Det vart sagt i tilsynet at ein ser behov for å oppdatere driftsparametrar for fleire stigerøyr / jumpers. Per i dag er ikkje dette formalisert, noko som medfører at ein i driftssamanheng held seg til driftsparametrar som kan vere vanskeleg å etterleve. Det medfører og alarmar i kontrollrom som vil gi ei auka belastning for kontrollromsoperatørar. Per i dag er det ein DISP i kontrollrom på alarmrater og ståande alarmar.
Hjemmel
Oppfølging av nødavstengingsventilar
Beskrivelse
Manglar ved oppfølging av nødavstengingsventilar.
Begrunnelse
Gjennom presentasjonar, samtalar og verifikasjon i vedlikehaldssystem (SAP) og dokumentasjon vart vi forklart og observerte korleis Statoil styrer vedlikehaldet. Vi spurte direkte i samtalar korleis ein gjer testar, kven som utfører dei, korleis ein systematiserer dette og korleis ein sikrar seg oversikt over planar og resultat. På land vart vi forklart om eit system som var på Snorre A for oppfølging av barriereventilar (PIMAQ). Ut i frå samtalar var det usikkert korleis ein systematisk sikrar oversikt over resultat frå funksjons- og lekkasjetestar som er utført. Det vart vist til eit rekneark med manuell oppdatering. Offshore gjorde vi direkte verifikasjonar av spesifikke ventilar ved at vi spurte om kva vedlikehaldsprogram det var for ventilane og resultat frå testar dei siste tre åra (funksjonstest – lukketid og lekkasjerate – internlekkasje for ESV oljeeksport til Statfjord, ESV Produksjon 1 UPA fleksibel og ESV Vigdis produksjonsrøyr 1). Resultata vi fekk var dels for andre ventilar (Statfjord gasseksport, Vigdis oljeeksport og UPA P1) og dei viste intervall for lukketid og resultat frå internlekkasje på ulike format som ikkje var direkte samanliknbare.
Ved å samanlikne oversikt vi fekk for ventilar og eigen verifikasjon i vedlikehaldssystem offshore avdekka vi manglande samsvar for lekkasjerater for enkelte ventilar. Gjennomgangen viste og at fleire ventilar gjekk over krav for lukketider. Vi kunne ikkje finne dokumentasjon på kva som vart gjort når lukketid var høgare enn spesifiserte krav. Det kunne heller ikkje visast til ei systematisk tilnærming for trending av til dømes lukketider og internlekkasje for testing av nødavstengingsventilar.
Hjemmel
Integritetsstyring av fleksible stigerøyr og jumpers
Beskrivelse
Manglar knytt til overvaking og sikring av integritet for fleksible stigerøyr og jumpers.
Begrunnelse
For å danne seg eit bilete av integriteten til fleksible stigerøyr og jumpers på Snorre A nytta vi ein del tid i presentasjonar, samtalar og dokumentverifikasjon på å forstå korleis selskapet sikrar at ein har kontroll på integriteten til dei aktuelle røyra. Vi gjekk blant anna gjennom TIMP-bilete for relevante ytelsesindikatorar, statusrapportar, vedlikehaldsoppsummering og oversikt over avvik.
Ut i frå statusrapportar og samtalar er det klart at ein for enkelte røyr manglar noko historiske driftsdata, men ein hevdar å nytte konservative anslag i levetidsvurderingar for desse røyra. Vi ser og at det er utfordringar med å drifte fleire fleksible stigerøyr og jumpers innanfor spesifiserte driftsparametrar.
Vi vart informert om nye jumpers frå GE Wellstream der ein har avdekka noko integritetsproblem og ein har skifta ut enkelte røyr, rekvalifisert andre, medan nokon har ei meir omfattande oppfølging i drift.
Gjennomgang av avvik (DISP) 146432 om forlenga levetid for 4’’ injeksjonsjumper seier at det skal gjerast røntgenkontroll kvar tredje månad. Ut i frå det vi vart vist var dette ikkje følgt opp den seinare tida.
Gjennomgang av avvik (DISP) 129343 knytt til 3-lags Coflon fleksible stigerøyr krev at ein skal ha instrumentering for akustisk overvaking av carcass (indre stållag). Då stigerøyra er avhengt under vatn er dette vanskeleg å få til. Ein har difor etablert ein DISP der blant anna overvaking av annulus (ringrom) er ein føresetnad. Gjennomgang av to siste rapportar for annulusovervaking viser at det er særs lite fritt volum i desse røyra, noko som påverkar sensitiviteten på kva lekkasjar ein kan detektere. Testen frå mars 2017 indikerer lekkasje for eit av røyra. Lekkasjen er seinare, i følgje Statoil identifisert til å vere lokalisert på tubing knytt til fleksibelt stigerøyr. Ein ny test i mai 2017 viser at dei fleksible stigerøyra held testtrykket. I siste testrapport frå mai 2017 ser det ut til at ein har blanda tagnummer / testresultat mellom ulike tabellar.
Gjennomgangar av rapportar viser og at ein med eventuelle nye driftsgrenser for enkelte røyr (ikkje formelt implementert) har enkelte periodar der ein ikkje greier å halde seg innanfor desse driftsparametrane. I tillegg er det utfordringar ved kontinuerlege annulusdata knytt til nyleg installerte fleksible stigerøyr for Vigdis.
Hjemmel