Målet med forumet er å sikra ei kontinuerlig forbetring av helse, miljø og sikkerheit i petroleumsverksemda i Nordsjøen. NSOAF vart etablert i 1989.

Forumet består av myndigheiter frå følgjande nasjonar (i tillegg til oss):

Danmark: Arbejdstilsynet
Færøyene: Oljufyristingin
Irland: Commission for Regulation of Utilities
Nederland: State Supervision of Mines (SSM)
Storbritannia: Health and Safety Executive.
Tyskland: Landesamt für Bergbau, Energie und Geologie

Medlemmene i NSOAF møtes i eit årleg arbeidsmøte, kor aktivitetar vert summert opp og nye oppgåver initiert og diskutert.

Arbeidet føregår primært gjennom følgjande tre permanente arbeidsgrupper og ei nettverksgruppe:

Arbeidsgruppe om helse og sikkerheit (NSOAF-H&S WG)

Gruppa skal blant anna bidra til:

  • kontinuerleg forbetring av sikkerheit og arbeidsmiljø
  • harmonisering av regelverkskrav/reduksjon av administrative byrder
  • erfaringsoverføring mellom myndigheitene

Arbeidsgruppa arbeider elles med tema kor myndigheitene har felles interesser. 

Dei siste åra har arbeidsgruppa arbeidd med felles utfordringar for olje- og gassnæringa i sine respektive land. Utfordringar når det gjeld sikker drift og vedlikehald av eldre innretningar er relevante problemstilingar. Gruppa har også jobba med vedlikehald for sikker drift på flyttbare  innretningar. 

Dette var grunnlaget for ein tilsynsserie i 2020 om tema vedlikehald for sikker drift, med felles grunnlag og spørsmål, tilpassa dei einskilde land sine regelverk og språk. Tilsyna blei deretter gjennomførte som ein del av den ordinære tilsynsplanen.

Fellesrapporten beskriv tilsynsserien og oppsummerer funn og læringspunkter. Funn frå tilsyna er presentert i ein rapport som drøftar god eller dårleg praksis for å indikera forbetringspunkt og mogleg erfaringsoverføring.

Arbeidsgruppa om boring og brønn (NSOAF-WWG)

Gruppa skal utveksla informasjon og samarbeida om sikkerheits- og arbeidsmiljøforhold som er relatert til bore- og brønnaktivitetar, brønnintegritet og førebygging av ukontrollert utblåsing.

Aktivitetane til gruppa skal óg bidra til kontinuerleg forbetring av sikkerheit og arbeidsmiljø ved boreoperasjonar, brønnoverhalingar og andre brønnrelaterte aktivitetar.

Nettverk for regelverk 

Gjennom dette nettverket vert informasjon og erfaringar om relevant EU-arbeid blant nordsjølanda delt. Dette gjeld planlagde, føreslåtte og vedtatte rammevilkår og innarbeidinga av EU/EØS-reglar i dei respektive landa.

Nettverket utvekslar óg informasjon om det harmoniserte EU/EØS-regelverket for å bidra til lik forståing og handheving av regelverket blant landa.

Nettverk for vind offshore (NSOAF-WERG)

Denne nettverksgruppa er foreløpig lagt på vent då det er oppretta ei eiga gruppe under International Regulators Forum (IRF).

Arbeidsgruppe for CCS (NSOAF-CCS)

CCS arbeidsgruppa (Carbon Capture and Storage) består av representantar frå myndigheiter for regulering eller tilsyn med CCS i Nordsjøen.

Denne arbeidsgruppa vart oppretta i 2023. Hovudfokus er i denne omgang deling av informasjon og erfaringar knytt til CO2-lagring og røyrtransport.

Nokre av medlemslanda er allereie i gang med regelverk for CO2-lagring.